Sist veke spurte vi lesarane våre om dei drikk alkohol på julekvelden.  Eit tal tilsvarande alkoholinnhaldet i ei flaske sterk akevitt, nærare bestemt 45 prosent, har svart ja. 55 prosent av dei som har avgitt svar seier til gjengjeld at dei ikkkje drikk alkohol i det heile på julaftan.

Denne veka er vi ute etter å vite di meining om eigedomsskatt. Nokre tykkjer dette er ein grei måte å skaffe midlar til ei skrinn kommunekasse på, medan andre meiner denne skatten er ein uting.

Kva meiner du? Du finn Vekespørsmålet eit stykke nede på Viekbladet.no si framside.