Marie Lovise Widnes er einkjend og kjær kulturberar, politikar, kåsør, visesongar, talar og avisskribent.No kjem boka om den fargerike dama, og laurdag 8. desember blir den presentert i Ivar Aasen-tunet. Tittelen Ein glytt innom gangdøra erinspirert av visa Gangdøra som gjekk land og strand rundt for ein del årsidan.
Boka inneheld ein kort biografi, prosatekstar, viser og dikt. Ein delav dikta er skrivne siste året, andre er henta frå eit rikhaldig arkiv.Forfattaren vil sjølv lese utdrag frå boka, og det blir smakebitar både frå cd-enGangdøra og andre viser og So dilla du di rompe, cd-samlinga medtradisjonelle songar og vers frå 2010.
Marie Lovise er firebarnsmor fødd i Vanylven i1930, men har i mange år budd på Hareid. Heile livet har ho brukt penn ogtastatur flittig, noko som har resultert i viser, salmar, dikt og prosa. Diktog viser er tidlegare samla i fleire bøker og diktsamlingar, men her vert deisett inn i ein ny samanheng.
Marie er også kjend som stortingspolitikar for SV,og som ein aktiv samfunnsdebattant som alltid står på dei svake si side. Ein glytt innom gangdøra speglar ein delav skrivinga hennar, og er ei god blanding av skjemt og alvor inspirert avopplevingar gjennom eit langt liv.
– Eg trurdet vert ei hyggeleg stund saman med Marie Lovise Widnes laurdag ettermiddag,seier tunvert Ingrid Opedal, sominviterer til arrangementet. Ho vonar mange vil innvilge seg eit friminutt i eitravel førjulstid. Det blir sjølvsagt sal og signering av den nye boka, ogjulebutikken er open langt utover ettermiddagen.
Arrangementet er gratis, og som vanleg byr kafeen på godekaker og kaffi.