Ein mann på motorsykkel kom i retning frå Garnes då han like før Kvalnestunnelen rundt klokka 08.30 i dag  fekk skrens på motorsykkelen og hamna i grøfta..

Det var ingen andre andre personar eller bilar som var involverte i ulykka.

Sjukebil kom fort til stades, og det same gjorde politiet. Mannen verka å vere ved medvit.