Jan Remmereit ønskjer å fylle på dei kunstige sandstrendene sine på Havågneset med skjelsand.

Oddvar Gjerde (Senterpartiet) fekk med seg teknisk utval på å avslå søknaden på to av dei tre sandstrendene.

Utvalet viser til tidlegare vedtak, som er eit rettskraftig vedtak om avslag på tidlegare dispensasjonssøknad om etablering av kunstige sandstrender på lokalitet 1 og 2.

– Etterfylling med ny skjelsand på desse ulovleg etablerte sandstrendene er eit terrenginngrep og vert ikkje tillate, heiter det i vedtaket.

Utvalet viser også til at i ny kommuneplan er både landarealet og sjøområdet i kring desse strendene innlagt i ei omsynssone der ein skal særleg vektlegge bevaring av kulturlandskapet.

Men lokalitet nr. 3 i søknaden er utanfor omsynssone for bevaring av kulturlandskap. Utvalet er positiv til å kunne gje dispensasjon frå LNF-føremålet i Kommuneplanen sin arealdel for dette. Teknisk utval sender difor denne delen av søknaden på høyring til relevante instansar.