Kleven-konsernet sleppte nyleg nyheita om at dei har sikra seg ein intensjonsavtale med Hurtigruten om bygging av inntil fire nye hurtigruter. Dei to første skal etter planen leverast i 2018 og 2019. Avtalen inkluderer også opsjon på bygging av ytterlegare to nye skip. Kvart enkelt av skipa vil estimert koste over 1 milliard kroner. Kleven vann fram i konkurranse med 11 andre verft, både norske og internasjonale. Ulstein Verft var eitt av dei. Om intensjonsavtalen faktisk fører til bygging av nye hurtigruter, kan Kleven plusse på si allereie velfylte ordrebok.
Nest best
På andre sida av Lyngnesvika må Gunvor Ulstein og Ulstein Group konstatere at det ikkje blei dei som blei valt denne gongen, men konsernsjefen meiner uansett Kleven var eit godt val.
- Eg meiner det er veldig viktig med slike kontraktar og intensjonsavtalar. Som toppleiar i ei av dei andre bedriftene her lokalt meiner eg at vi er nøydde til å gle oss over når ein av dei andre aktørane i området får slike avtalar. Når Ulstein ikkje vann fram, så syns eg det er utruleg gledeleg at den intensjonsavtalen likevel blei landa i regionen vår, seier Ulstein og legg til:
- Det trur eg alle våre tilsette gler seg over. Sjølvsagt skulle vi gjerne hatt denne intensjonsavtalen sjølve, men at Kleven fekk den er nest best for oss akkurat no.
- Ikkje berre tenkje på oss sjølve
Ulstein meiner det er aller viktigast at kjende og kjære Hurtigruten faktisk gjekk for eit verft i den sterke maritime klynga på Sunnmøre.
- Skal vi klare å få til vekst og utvikling av Ulstein-samfunnet, skal vi klare å få Hafast på plass, så kan vi ikkje berre tenkje på oss sjølve, vi må tenkje på regionen. Dess meir aktivitet vi klarer å få til denne regionen, dess meir truleg er det at vi på sikt klarer å bygge ein endå større, og meir robust bu- og arbeidsmarknadsregion, seier Gunvor Ulstein.