Podkasten er laga av Aron Støylen Jøsok frå Leikong og Isak Flø Dimmen frå Flø/Bigset. Dei to syttenåringane går i klasse 2IK1 på Ulstein vidaregåande skule, og har for tida praksisplass hos Vikebladet Vestposten.

I Piddepodden vil dei ta opp ulike tema som er relevante for dei som køyrer moped, slik Isak gjer, eller lettsykkel, slik Aron gjer.

– Vi tok begge lappen då vi var seksten. Og vi køyrer stort sett til og frå skulen så lenge det ikkje er glatt. Det gir oss stor fridom, då slepp vi å vere avhengig av foreldra våre eller buss, seier dei to- som lovar nye episodar med nye tema i tida framover.