Årsaka er at legesenteret skal byte til nytt journalsystem.

Senteret blir stengt frå klokka 12.00 tysdag, heile onsdag og heile torsdag.

Personar i Hareid som treng akutt hjelp desse dagane mellom klokka 08.00 og 15.00, må ta kontakt med Ulstein legesenter. Telefonnummeret dit er 70 01 89 89.

Kvelds-, helge- og nattlegevakta vil fungere som vanleg, opplyser Hareid legesenter.

Legesenteret opnar igjen fredag denne veka, og kjem til å ha noko redusert drift dei første dagane etter at det er innført nytt journalsystem.