Stian Runne Brandal er leiar i Hareid Arbeidarparti, og meiner snøfallet som kom i førre veke er eit døme på at beredskapen ikkje er god nok.

– Men eg forstår at teknisk etat må passe på at budsjettet ikkje sprekk, understrekar han.

Sist vinter var det både sprengkulde, mykje snø og ein lang vinter. Og det gjorde at brøytebudsjettet sprakk. Den harde vinteren gjorde også sitt til at vegdekket sprakk mange stader.

– Eg veit at Hareid kommune har store økonomiske utfordringar. Og meir pengar til vedlikehald av vegar og snøbrøyting er nok ikkje det aller viktigaste for innbyggjarane i Hareid. Men blir det rom for det, bør denne posten aukast, varslar leiaren i Hareid Arbeidarparti.

Han håper på ein mild vinter, og understrekar at han ikkje har drøfta utspelet med gruppa si.

Komande torsdag blir det dialogmøte mellom kommunestyret, administrasjonen og områdeleiarane i kommunen om budsjettet.