Foto: illustrasjon

I tillegg til lite kriminalitet, har Sunnmøre politidistrikt ein auke på 3,2 prosent på oppklarte saker til 46 prosent, mot eit landsgjennomsnitt på 38 prosent. Sunnmøre har ei saksbehandlingstid på 102 dagar, noko som er 20 dagar kortare enn landsgjennomsnittet og sjette best i landet. Dette viser at Sunnmøre er ein trygg stad å bu og ferdast.

– Det er svært gledeleg å presentere så gode tall. Dei gode resultata er det eit heilt politidistrikt som står bak og viser at vi har usedvanleg gode medarbeidarar som brenn for sitt arbeid og som står på for å få resultat. Vi har eit stramt budsjett, men får mykje og god polititeneste ut av kvar krone, understrekar politimeister Hasseldal.

Fleire melde misferder og brotsverk

Sunnmøre politidistrikt hadde i 2011 ein auke i talet på straffesaker i forhold til tidlegare år. I løpet av dei 12 siste åra er det berre året 2006 som hadde fleire straffesaker.

– Årsaka til auken skuldast i hovudsak politiet sin eigen innsats retta mot trafikk, narkotika og vald. Dette er område kvar høge tal viser at det leggjast ned stort arbeid. Vi avdekker meir kriminalitet gjennom auka innsats, seier politimeisteren.

Fleire narkotikabrotsverk

I 2011 vart 743 narkotikasaker melde mot 674 i 2010. Talet på melde narkotikasaker er nær dobla sidan 2004, då talet var på 376. Talet på narkotikasaker speglar av innsatsen til politiet. Auken gjeld for både dei mindre alvorlege og dei meir alvorlege sakskategoriane. Sunnmøre politidistrikt har hatt 15 større narkotikasaker, nokon med relasjonar til tunge nettverk i sentrale austlandsområde. Politiet har knytt kontaktar med utanlandske myndigheiter og ser at opprettinga av org. krimavsnittet ved Ålesund politistasjon har verka positivt.

Færre innbrot i hus og heim

Som for landet elles, held vinningskriminaliteten fram å minke på Sunnmøre. Til trass for ei stor sak med den såkalla ”innstigningstjuven” sommaren 2011, har innbrotstjuveri frå villa gått ned med 38 prosent sidan 2008, innbrotstjuveri frå leilegheit har gått ned med 50 prosent sidan 2008 og innbrotstjuveri frå hytte har gått ned med 55 prosent sidan 2008. Innbrot fører ofte til stor utryggleik for dei som rammast og ein nedgang i slike brotsverk er viktig for publikums følelse av tryggleik.

– Vi trur det er samansette grunnar til at vinningskriminaliteten minkar, men trur mellom anna at legemiddelassistert rehabilitering (LAR) og det at fleire skaffar seg innbrotsalarm er medverkande faktorar. I tillegg har politiet over heile landet jobba målretta for å forhindre mobile vinningskriminelle, seier Ingar Børen, politiinspektør og leiar for Retts- og påtaleeininga i Sunnmøre politidistrikt.

Stabile valdstal

Valdstala for Sunnmøre politidistrikt er stabile og det er relativt lite vald på Sunnmøre samanlikna med andre politidistrikt. Dei overordna tala for valdssaker viser ein liten auke frå 2010. Auken er derimot innan dei mildare formene for vald. For dei alvorlegaste valdssakene som inneber fysiske skader, er det ein markert nedgang på 22 prosent frå 2010.

Familievalden på Sunnmøre har hatt ein auke på 61,5 prosent frå 2010. Auken innan familievald skuldast mellom anna større fokus frå politiet si side på registrering, oppfølging og samarbeid med mellom andre barnevernet. For at denne typen kriminalitet skal fangast opp, er politiet avhengig av at sakene vert melde og eit godt samarbeid med offentlege institusjonar.

Barnehus på Sunnmøre i 2012

I løpet at 2012 vil Sunnmøre politidistrikt få Barnehus. Dette blir det åttande barnehuset i landet og skal vere for barn og unge, samt utviklingshemma kvar det er mistanke om at borna kan ha vore utsett for seksuelle overgrep, vald, barnemishandling, kjønnslemlesting og barn som har vore vitne til vald.

– Vi har starta arbeidet med å få på plass Barnehuset og ventar på brevet med klarsignal. Vi håper å kome i gang i løpet av hausten 2012. Vi gledar oss til å starte opp og ser opprettelsen av Barnehus som svært bra for barn sin tryggleik og rettstryggleik, seier ein engasjert politimeister.

Fleire melde seksualbrotsverk

Det vart meldt 121 seksualbrotsverk i 2011 mot 76 i 2010, ein auke på 59 prosent. På ein tiårsperiode er det berre eitt år det har vore meldt fleire saker innanfor denne kategorien. Det er ein generell auke innan alle sakskategoriar og det er ingen bestemt type brotsverk som står for auken.

Seksualbrotsverk er eit område med store mørkefall og det er derfor vanskeleg å seie om tala representerer ein faktisk auka kriminalitet eller om det er ein auke i den melde kriminaliteten. Det er grunn til å tru at noko av auken kan ha samanheng med det fokus som er på slike saker, at offeret tør å melde, samt at politiet har utvikla eit godt samarbeid med valdtektsmottaket og andre offentlege instansar, seier politiinspektør Ingar Bøen.

Seksualbrotsverka skjer som oftast i det private rom. Hovudstrategien for politiet er rask etterforsking og saksbehandling med adekvat reaksjon, kontinuerleg kompetanseheving og oppdatering av eigne tilsette, samarbeid med helsevesen og andre offentlege etatar. Brotsverk som skjer i det offentlege rom vert motarbeida i første rekke ved auke i risikoen for å verte oppdaga, innsamling av informasjon, systematisering og analyse som dannar grunnlag for politiets nærvær.