Snøggbåtsambandet er ute på anbod, og då Harald Teigene fekk høyre at det i anbodspapira blir opna for å setje inn to båtar med ukjend lengd, men med plass til 160 passarar, tok han initiativet til ein underskriftsaksjon. Mindre farty har større avgrensingar når det gjeld ver og bølgjehøgder. Resultatet kan bli innstilte avgangar, og at vi ikkje kjem oss tidsnok på jobb. Vi krev difor farty som kan oppretthalde regularitet og komfort på dagens nivå. Farty på 35 meter, seier Teigene til Sunnmørsposten. I løpet av siste månaden er det samla inn 400 underskrifter blant pendlarane. Hadde ikkje pendlarane og skuleelevane hatt sommarferie, reknar han med rundt 100 fleire underskrifter. Teigene peikar på at alle som pendlar, og alle frå næringslivet i regionen som skal ut å reise, må vere sikre på å kome seg på jobb og å rekke fly frå Vigra. Det er ikkje mogleg med mindre båtar enn snøggbåtane "Hjørungavåg" og "Lauparen", som trafikkerer strekninga i dag. Underskriftslistene skal sendast til samferdselsavdelinga i fylket.