Forskarar frå seks land var med på tsunamikonferansen i Geiranger. Dei fryktar at raset kan bli på 80 til 100 millionar kubikkmeter, og det er dermed ei forsiktig analyse som no blir presentert. Ordførar Gunn Berit Gjerde, som også er beredskapsleiar i Hareid kommune, seier til Vikebladet Vestposten at ho vil gripe fatt i saka straks. Det er ikkje så mange i kommunen som bur 2-3 meter over sjøen nede i fjøresteinane. Men nokre er det, og i tillegg ligg det ein god del industri og forretningar i sjøkanten. - Folk skal føle seg trygge, og vi bør knyte oss på det varslingsanlegget som staten har kome med tilbod om, kommenterer ordføraren. Analysen viser at dersom Åkernesrenna dundrar i Storfjorden, vil flodbølgja som kjem innover Vegsundet og Magerholm bli på 3-4 meters høgde, medan ho på Sæbø vil velte i ca. 4 meters høgde opp på land. For dei fire kommunane som ligg inst i Storfjorden, Stranda, Norddal, Ørskog og Stordal, er det tidlegare laga bølgjeanalysar for ras i Åkerneset, basert på datasimulering. På ein pressekonferanse torsdag sa strandaordførar Frank Sve at sjølv om bølgja inst i fjorden blir mykje høgare enn lenger ute, så var han ikkje i tvil om at konsekvensane kunne bli store for fleire kommunar lenger utover i fjorden. Sve meiner derfor at det er naturleg at fleire kommunar blir med på varslingssystemet, men at det er Fylkesmannen som må kome med pålegg om dette. Hareidsordføraren er heilt samd, og vil ta saka opp med det aller første.