Spørsmålet vi stilte var dette: - Bør Ulstein og Hareid opne for sal av øl i butikkane? Eit stort fleirtal - heile 77,1 prosent av røystene - svara ja på spørsmålet. 11,3 prosent svara nei, og om lag like mange - 11,6 prosent vil ha det som i dag, altså kommunalt ølmonopol. Det kom inn heile 389 røyster. Dette er rekord sidan vikebladet.no byrja med desse små gallupane i starten på januar. 300 røysta ja. Det betyr at 89 (44 + 45) seier nei til øl i butikk. Vekespørsmålet til nettavisa denne veka er dette: - Kjem du til å reise ofte til Ørsta/Volda for å handle etter at Eiksundsambandet har opna?