- Vi kjem ikkje til å koste vekk sanden så lenge det er minusgrader, seier Odd Kåre Vik ved teknisk etat. Han meiner at det er fint å ha sanden der så lenge det vert nattefrost. Det skal vere trygt for folk å gå i gatene. – Vi har ikkje budsjett til å koste og strø om kvarandre, seier Vik. Dersom det enkelte plassar har samla seg opp ekstra mykje sand, kan ein eventuelt vurdere å fjerne ein del av den. – Hovudopprydninga kjem vi til å ta til våren, seier Vik.