Kaia ved Herøyterminalen var full av bilar. Mange av dei pårørande hadde møtt fram for å ta imot kistene med dei omkomne. Vinden bles kraftig på kaia, difor vart seremonien halden innandørs. Prest, politi og pårørande var til stades.

Gravferder på laurdag

Laurdag vert det gravferder for tre av dei omkomne. Den første gravferda vert for Steffen Myklebusthaug klokka 10 i Herøy kyrkje. Kelly Nerland Remøy si gravferd vert klokka 13 i Herøy Kyrkje. Samstundes skal Kamilla Grimstad si gravferd vere i Hareid kyrkje klokka 13.