Arve Hatløy, Dimna IL, er kåra som årets frivillige i Ulstein kommune. Hatløy har i ei årrekkje lagt ned mykje frivillig arbeid innan friidretten i Dimna IL, først som aktiv og no som trenar for 14 åringane. Han sitter i styret for Dimna IL og i kretsstyret. Arve vil få overrekt Frivilligprisen i samband med ein medlemsfest etter jul. I 1986 utnemnte FN 5. desember som den internasjonale frivillighetsdagen. Dagen er meint som ei oppmuntring til dei mange som gjer ein frivillig innsats. Ulstein har markert dagen de siste tre åra ved å dele ut Frivilligprisen som skal synleggjere dei frivillige og dei viktige bidraga dei gir. Det var åtte verdige kandidatar til årets frivilligpris i Ulstein. Desse har gjennom engasjementet sitt lagt ned mange timar i frivillig arbeid. Det frivillige arbeidet som vert utført i Noreg tilsvarar 133.500 årsverk og over 58% av befolkninga bidrar med frivillig innsats i løpet av eit år.
Nyhende →
Arve Hatløy vart årets frivillige
Arve Hatløy har fått tittelen "Årets frivillige" i Ulstein.