Teknisk utval i Ulstein kommune har arbeidd fram to alternative framlegg til reguleringsplan for Skuleområdet som trekk seg bort til Reiten. Dei to alternative framlegga er ute på høyring fram til 30. august. Før det blir fatta vedtak i denne saka, meiner ordføraren det er viktig at alle får sleppe til og kome med innspel. Difor vil ho ha eit folkemøte, der særleg foreldre og FAU-kontaktane blir inviterte. Kjem det inn mange innspel meiner ho teknisk bør kunne utsetje fristen. Dette området er så viktig for oppvekstmiljøet i sentrum, seier Måseide og skulle helst sett at området rundt skulen vart bilfritt.

Større skuleområde

Ulsteinordføraren minner om at skuleområdet no vil bli større enn tidlegare. Kommunen har planar om å byggje ny idrettshall med symjehall der Samfunnshuset står. Det nye bygget vil bli ein del av skuleområdet. Desse planane meiner ho bør takast omsyn til når ein avgjer kvar bilvegane skal gå i framtida.

Gjeld mange

Dette er ei stor og viktig sak. Avgjerda må takast på breiast mogleg grunnlag, meiner Måseide. Det er ikkje berre dei som blir direkte rørt av reguleringsplanen som bør engasjere seg. Dette er ei sak som gjeld mange. Mellom anna bør alle foreldre som skal sende borna sine inn til ungdomsskulen, setje seg inn i denne saka, oppmodar ordføraren. Slik ho ser det inneheld saka tre viktig faktorar. Det eine er oppvekstvilkåra for alle skuleelevane på barneskulen og ungdomsskulen. Det andre er å ta vare på den møteplassen skuleområdet er utanom skuletida. Området er ein viktig leikeplass og grøntområde for borna som veks opp i Ulsteinvik. Det tredje er det gamle tunet som har historisk verdi. Utfordringa blir å finne ei løysing som tek vare på desse faktorane, samstundes som kommunen kan få ein ny og akseptabel nedførsveg. Men det meiner Måseide ikkje bør vere umogleg. Ho synest trafikken kunne gått i ringar slik andre tettstader har organisert trafikken sin.

Drege ut

Når ei sak dreg ut i tid, er det lett for at folk blir utmatta og gjev opp. Saka om kvar nedkøyringsvegen skal gå har drege ut over fleire tiår. Men ulsteinordføraren håpar det ikkje har ført til at innbyggjarane i Ulsteinvik har blitt trøytte og gjev seg. Er dei ikkje nøgde med den føreslegne løysinga, bør dei seie ifrå. Det er for seint å kome etter spaden er sett i jorda.