Ein tipsar kunne fortelje at enden stod rett opp frå vassflata eit godt stykke frå land. Det viste seg at det også hadde samla seg ein del måsar rundt utløpet. Lars Hustad ved teknisk etat i Hareid kommune fortel at dei har hatt dykkarar nede på botnen. Desse har fotografert og skal lage ein rapport. - Når vi har gått gjennom denne rapporten, vil vi setje inn tiltak. - Men det vi veit alt no er at det er kjettingen som har halde nede leidningen som er avrusta. Leidningen vart lagt i 1980 - og på grunn av galvaniserte delar har det berre gått 27 år før alt har rusta av. Hustad kan ikkje seie kva tid hovudkloakken vil bli reparert, men det må uansett skje ved hjelp av dykkarar. Han trur kommunen også må sjå dette i samanheng med eit komande større sil-anlegg på indre Hareid. Når dette kjem, vil det vere behov for ein leidning med større kapasitet.