Ulstein formannskap rår kommunestyret til å godkjenne at investeringsramma for bussterminalen blir auka med inntil 775 000 kroner på grunn av ekstra grunnarbeid. Investeringa blir dekt med låneopptak. Lånet skal nedbetalast som serielån over 30 år. Lånet skal takast opp i siste halvdel av året og medfører ikkje utbetaling i 2007. Rente og avdragskostnader framover blir innarbeidde i økonomiplanen for 2008 - 2011.