Heilt sidan 2001 har døgnberedskap vore etterlyst hjå flyplassen. Tillitsvald mellom dei flyplasstilsette, Steinar Vatne, seier til Sunnmørsposten at han er letta over at kampen endeleg er over. Eit av dei viktigaste argumenta for å ha døgnberedskap er at når Eiksundsambandet opnar slutten dette året, så vil dette knyta saman ein region på om lag 40.000 menneske. Dette vil sannsynlegvis føre til større bruk enn i dag. I tillegg kan ambulansefly ta av i dårlegare vèr enn helikopter, og ein slepp å køyre pasientar ut til Vigra for å sende dei med fly derifrå. Slik køyring svekkjer den lokale ambulanseberedskapen. Det er no berre Molde lufthamn Årø som ikkje har fått døgnberedskap her i fylket. Der vil ei slik ordning tre i kraft like over påske, melder smp.no.