Forventningsfulle skuleelevar vart torsdagsmorgonen utstyrte med vestar og hjelmar. Rektor Lisbeth Nesse kunne fortelje at dette var noko alle elevane hadde gledd seg til i lang tid. Elevane fekk guida omvising gjennom heile Eiksundsambandet, heilt til Furene. På vegen skulle dei stoppe nede i Eiksundtunnelen å sjå seg om. Under arbeidet med Eiksundtunnelen er det funne mange fine steinartar. Kanskje fann elevane seg denne dagen ein skatt eller to?