Berre ved Kleven Maritime og Ulstein Verft jobbar det til saman 770 polakkar, og dei fleste av desse er katolikkar. 11. november og 16. desember blir det derfor katolsk gudsteneste i Ulstein kyrkje, Hasund bedehus og Gursken kyrkje.
Presten Thorvald Grønli (t.v.) skal hjelpe Kleven Maritime og Ulsteinkonsernet med å integrere den utanlandske arbeidskrafta endå betre. Svein Rødset, dagleg leiar i MAFOSS opplyser at eit av dei første tiltaka blir å gjennomføre katolske gudstenester i Ulstein kyrkje, Gursken kyrkje og på Hasund bedehus. Jan Faust, arbeidsformann i det polske selskapet Aramex (i midten) slår fast at polakkar er eit religiøst aktivt folk, og han trur mange som bur i distriktet vil oppsøkje gudshusa under dei katolske messene.