- Slik den lokale arbeidsmarknaden står i dag er utfordringa for bedriftene å tenkje langsiktig. Målet må vere å legge til rette for at ungdom vel utdanningar som høver inn i det lokale næringslivet og inspirere dei til å flytte heim når dei skal ta fatt på yrkeslivet. Med tanke på dette kjem mellom anna offshore-næringa til å stille med eigen stand for å marknadsføre seg som ein attraktiv arbeidsplass i framtida, seier Svarstad. For at elevane skal få den informasjonen dei treng, vert det arrangert fleire miniseminar med påmelding der det vert gjeve utdjupande informasjon om ulike yrkesretningar, fortel Svarstad. Både kommunale fag, hotell- og næringsmiddelfag, Maritim forening, Opplæringskontoret for fiskeri og sjøfart held eigne seminar. I tillegg vert det bede inn til eit seminar om «jenter og spennande yrke».

Inspirasjon frå Åge Hareide

Desse tilboda er spesielt retta inn mot ungdomsskuleelevane, som er inviterte til yrkesmessa fredag. Torsdagen er sett av til elevar i vidaregåande skule, og her er den store hovudattraksjonen eit inspirasjonsseminar med landslagstrenar i fotball, Åge Hareide. - Han vil fokusere på emne som vilje til å satse, langsiktig tenking og måloppnåing, seier Svarstad. Yrkesmessa vert omfattande med mellom 30 og 40 standar, der dei fleste bransjane i regionen er representerte. På fleire av standane vil ein kunne få sjå døme på yrka i praksis.

Meir infor, mindre show

Ei gruppe elevar frå ungdomsskulen og deira foreldre har fått ansvar for kafédrifta under yrkesmessa, og inntektene går til Polen-tur seinare i år. Tidlegare år har det også vore fokusert ein del på underhaldning, men den sida av arrangementet har vi valt å dempe i år, fortel koordinator Helge Svarstad. - Det har vi gjort for å behalde fokus på det som er viktig for dei 700-800 ungdomane som kjem innom messa, nemleg å hente informasjon og inspirasjon til eit framtidig yrkesval, seier han. For å vere best muleg førebudde til yrkesmessa har elevane den siste tida gjennomført eit prosjektarbeid, der dei er bedne om å tenkje over kva dei ynskjer å få ut av messa.