Kamasi Eiendom AS har tidlegare fått løyve til å innreie fem bueiningar i det som tidlegare var bustadhuset til Sverre og Oddny Teigene og der manufakturforretninga Teigene AS heldt til i mange år. No søkjer eigarane om å auke til 6 bueiningar. Dette vil dei få til ved å løfte taket. Huset vil dermed få to takopplett. Områdeleiaren for byggesaker tilrår dispensasjon ved bl. a. å vise til at bygget ikkje vil bli dominerande då det ligg ved eit vesentleg større bygg (hotellet). I vurderinga før møtet i nærings- og miljøutvalet 8/2 heiter det også at utnyttinga er positiv med tanke på den uttrykte viljen kommunen har til å legge til rette for bustader i kommunen.