Viseth skal jobbe for selskapet Wãrtsilã Norway. Etter 6 år i Tussa-konsernet, går han no tilbake til maritim sektor. – Det er der eg har hjartet mitt, smiler Viseth, og forklarer at når tilbodet kom måtte han berre gripe sjansen. Han trur det vert spennande å følgje selskapet si utvikling i Noreg, for dei har ei interessant utbygging under planlegging. Viseth jobba tidlegare 20 år innan konsern som Kleven og Kværner, før han tok på seg oppgåva som administrerande direktør i Tussa. Gler seg Sørheim tek over direktørstolen etter Viseth 10. april. Han har gjennom mange år vore ein sentral person i oppbygginga av konsernet, både som ein del av konsernleiinga og gjennom fleire styreverv. Dei siste ti åra har han arbeidd som personalsjef. Sørheim gler seg til å få ei meir synleg rolle i konsernet. – No får eg høve til å fronte selskapet utad, det vert spennande, meiner han, og legg til at tidlegare har han vore mest synleg internt i konsernet. Kva endringar som eventuelt vil kome med ørstingen Sørheim i sjefsstolen, vil han ikkje røpe. – Det er mykje flinke folk eg skal arbeide saman med, og slike saker får kome etter at eg har sett meg inn i stillinga og møtt arbeidsgruppene, konkluderer han.