Basketaket starta fordi to menn prøvde å overtale ei jente om å vere med på ein fest. Jenta var lite lysten, og ein tredje kar blanda seg inn i diskusjonen og støtta kvinna. Det likte ikkje dei to festlystne mennene, og dermed gjekk dei til åtak på den tredje. Slåstinga var såpass hard at det vart tilkalla ambulanse, men etter å ha sett på skadene meinte ambulansefolka at det ikkje var naudsynt å køyre vidare til lækjar. Dei to kamphanane hadde stukke frå staden, men politiet har namnet på dei, og det vil bli oppretta sak.