Dei fem som har søkt er Knut Gjengedal (48), Finn Ove Kaldhol (58), Bjørn Gisle Leinebø (56), Ovar Andreas Sandaker (42) og Stephen Sirris (33).

I tillegg er det ei kvinne som har søkt om stillinga, men namnet hennar er unnateke offentlegheita.

Gjengedal er i dag områdeleiar i Normisjon og bur i Volda. Kaldhol er sokneprest i Aukra sokn og bur i Molde. Han og kona har vore i Kamerun gjennom NMS. Leinebø er evangelistmisjonær i Madagaskar, og er oppført med adresse Nerlandsøy. Sandaker er vikarprest i Sunnfjord og bur i Førde. Sirris er sokneprest og har adresse Roan.