Sunnmøre Folkehøgskule er ein av skulane som må bu seg på trangare budsjett neste år. Foto: Liv Jorunn Nyhagen

Dei reine tala tilseier ein auke i budsjetta for kunnskapsdepartementet og folkehøgskulane. Kunnskapsdepartementet sitt generelle budsjett får 3,1 prosent meir i tilskot, folkehøgskulane noko mindre. Ifølgje folkehøgskulane tilsvarer likevel dette eit kutt på over 5,5 millionar kroner når ein justerer for dei auka opptakstala.

Ein av ti vel folkehøgskuleFolkehøgskulane meiner det burde vore satsa meir på dei sidan tilbodet er så populært. 11 prosent av 19-åringane i Norge vel å ta eit år på folkehøgskule, og dei 7000 plassane som er tilgjengeleg er for lengst fylte opp. I år vart det tatt inn over 300 fleire elevar til folkehøgskulane enn i fjor. Fire søknadar om oppretting av nye skular har blitt handsama i kunnskapsdepartementet, alle fekk avslag.

- Søkjartala viser at folkehøgskulan er ein viktig del av utdanningstilbodet i Norge. Difor hadde vi venta at tilskotsnivå iallfall vart oppretthalde, og at det i tillegg vart lagt inn midlar til nye skular, seier folkehøgskulane sine informasjonsleiarar, Dorte Birch og Tor Grønvik.