Heidi Strand, ordførarkandidat for Ulstein Høgre, meiner at ein no må få Arena Ulstein i hamn. Ho viser til at Ulstein kommune har gått for dette prosjektet i fleire omgangar. Kommunen treng litt ekstra pengar, men det må dei finne ei løysing for.

– Me har halde på med dette i ti år. Ulstein kan ikkje vere kjend med å ikkje ha desse fasilitetane til skuleborna og andre, seier Heidi Strand som er ordførarkandidat for Høgre.

Ho synest det er underleg at mindretalet stadig tek omkamp på Arena Ulstein. Ulstein Høgre vil prioritere å gjennomføre dette prosjektet, for kommunen treng dette. Kommunen kan heller sjå om andre framtidige investeringar er naudsynte.

– Ulstein Høgre vil heller prioritere Arena Ulstein enn nytt kyrkjebygg, seier Strand.

Vil ikkje svikte borna

– Det er kjempeviktig for Ulstein kommune å byggje Arena Ulstein. Me kan ikkje svikte borna, seier ho og legg til at det er fleire som treng symjebasseng.

Det er også ein del innbyggjarar som treng terapibad og går og ventar på det.