Herøyordførar Arnulf Goksøyr har trekt seg heilt ut av styret i Sunnmørsbadet AS.

Ifølgje Vestlandsnytt vart ordføraren kasta som styreleiar til fordel for Bjørn Martin Aasen, men meininga var då at Goksøyr framleis skulle ha eit styreverv.

Det er berre kort tid til prosjektet etter planen skal stå ferdig, men ifølgje Sunnmørsposten har no Goksøyr valt å trekkje seg heilt ut, noko han meddelte den nye styreleiaren i ei tekstmelding.

Goksøyr seier til Vestlandsnytt at ein kan rekne skiftet av leiing som ein klar mangel på tillit, men at det ofte kan bli på den måten når prosjekt kostar mykje meir enn det skulle i utgangspunktet.

Ordføraren i Herøy fortel til lokalavisa at han også hadde planar om å trekkje seg frå styrevervet for tre år sidan, men at han då vart beden om å vere med vidare. Han seier til Vestlandsnytt at det viktigaste no er at prosjektet kjem i mål.

Sunnmørsbadet AS har hatt store problem med å halde seg til kostnadsrammene som var sett. Vestlandsnytt skriv at den sist kjende prisen på anlegget er 269 millionar kroner, inklusive mva, medan Sunnmørsposten opererer med ei overskriding på nærare 40 millionar.