Knut Einar Tokheim tek over jobben som rektor ved Møre barne- og ungdomsskule komande haust.

-Vil satse på utvikling

Rektorbyte kjem i samanheng med at noverande rektor Arve Fiskerstrand skal gå inn i ei eittårig utviklingsstilling ved skulen. -Vi har eit ønske om å stadig heve oss, og i samband med det skal eg gå inn i ei stilling der eg vil arbeide meir målretta med vegen vidare for skulen. Den nye stillinga skal vere med å sørgje for kvalitetsheving, både når det gjeld det pedagogiske og det administrative. Vi ønskjer å satse på utvikling, poengterer Fiskerstrand.

Påtroppande rektor Knut Einar Tokheim har vore lærar ved skulen sidan 2005, og Fiskerstrand er godt fornøgd med at det er han som skal stå bak roret komande skuleår. -Vi ønskte å få til ei intern løysing, og Knut Einar sit inne med både brei erfaring og kjennskap til skulen. Etter seks år som rektor, kan det vere godt både for meg og for skulen med eit skifte. Dessutan vil det vere lærerikt for meg å sjå korleis Knut Einar vel å løyse oppgåvene, meiner Fiskerstrand.

Gode resultat på nasjonale prøver

Tokheim ser fram til å setje i gang med den nye jobben. -Det blir ei spennande oppgåve, og eg ser fram til å få jobbe meir med det administrative. Eg trur det kan vere sunt for lærarar å få større innblikk i skuleleiinga, seier han. Tokheim vil truleg ikkje gjere dei heilt store endringane når han tek over jobben som rektor ved skulen. -Eg vil halde ved like det grunnleggjande som Arve har bygd opp, men det kan bli endringar på detaljnivå, fortel Tokheim. Alle skular har forbetringspotensiale, og det er mi oppgåve å sørgje for at vi forbetrar oss på desse områda. Eg vil gjere ting på min måte og ikkje prøve å kopiere Arve. Ein kopi er alltid dårlegare enn originalen, hevdar han vidare.

Møre barne- og ungdomsskule har generelt hatt særs gode målingar på dei nasjonale prøvene, og dei har skåra særleg høgt på trivsel. Resultata på barnetrinnet kan måle seg med dei beste i landet, og det er vi veldig takksame for, påpeiker Fiskerstrand. Det er også gledeleg å sjå at dei punkta vi har satsa på, som felles reglar for å få best mogleg læring og motivasjon, har kasta av seg.

10-års jubileum

I dag har skulen 98 elevar, og til hausten er det 10 år sidan oppstarten av skulen. Dette skal markerast med ei jubileumshelg 5.-7. september. Vi har hatt ei fantastisk utvikling i løpet av desse 10 åra, og dette vil vi byggje vidare på i åra som kjem, avsluttar noverande rektor Arve Fiskerstrand.