Måndag morgon vart det starta søk etter mogleg mann over bord i området Hallefjorden - Rovdefjorden - Syvdefjorden. Det melder Hovudredningssentralen for Sør-Norge.

Bakgrunnen for søket er at det i morgontimane vart funne ein open 16 fots båt i Hallefjorden, på sydsida av Larsnes. Båten vart slept i land ved Grønnevika.

Både RS Idar Ulstein, Sea King-helikopter frå Florø og ambulansebåten er med på søket.

Oppdatering: Politiet på Sunnmøre melder like etter klokka 10 at dei har kome i kontakt med eigaren av båten. Det er ikkje opplysning om at nokon har brukt båten i dag, og alle som brukte båten sundag er gjort rede for. Politiet melder også at søket er avslutta etter at undersøkingar tyder på at båten har slitt seg.