UDI bekreftar ovanfor Sunnmørsposten at ein avtale om mellombels asylmottak på Runde (105 plassar) og i Tjørvåg (75 plassar), er på plass. Avtalen skal signerast onsdag.

Styreleiar i Christineborg Gjestehus, Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr, har ifølgje avisa jobba dei siste dagane for å få ein brannteknisk uttale, som viser at gjestehuset er klart for å bli asylmottak ei tid framover.

I ei pressemelding fortel Goksøyr at avtalen om mellombels asylmottak på Runde og i Tjørvåg vil gjelde i to månader, frå 20. november til og med 19. januar 2016. I tillegg ligg det baka inn ein opsjon på to pluss to nye månader. Plany-sjef Børre Waagan blir dagleg leiar i deltidsstilling.