Pål Grødahl skulle helst sett at politikarane venta med investeringar som leige i garasjeanlegg for dei neste 20 åra og såg det i samanheng med arbeidet for neste års økonomiplan, men det fekk han ikkje fleirtal for i Ulstein formannskap.
Usamd: Pål Grødahl (lengst til høgre i biletet) er usamd i at kommunen skal bruke kommunale midlar på å leige seg inn i eit parkeringsanlegg. Kommunen kunne heller pressa på så utbyggjarar i sentrum som står utan parkeringsplassar oppfyller krava til å skaffe seg parkeringsplass, så kan heller dei leige seg inn i dette anlegget.