Tysdag føremiddag var dei fire Hatløy-brørne, som alle er pensjonistar i dag, og nokre av etterkomarane deira som i dag arbeider i Ulstein-systemet, samla rundt ei marsipankake i kantina ved Ulstein Exbo. For ein stakars utsendt journalist vart det fort eit styr å halde greie på kven som er far og bestefar til kven. Praten gjekk lett, og er dei like kjappe i arbeidet sitt som i replikkane, har Ulstein hatt svært god nytte av arbeidskrafta deira.

Anders (86) er eldstemann av dei fire brørne. Deretter kjem Per (83), Harald (79) og Odd (77).

Anders var i ei årrekke klubbformann på Ulstein Verft, og arbeidde der frå 19.9 1960 til 1.2. 1998.

Han har fem søner, og alle har jobba ved Ulstein. I dag er det John, Håkon og Steinar (gjennom innleigd cateringfirma) som arbeider der. Også sonen Magnar har jobba i Ulstein, men han er i dag dagleg leiar i Ulshav.

– Eg meinte Ulstein var ein god arbeidsplass, og hadde ikkje problem med å tilrå borna mine å begynne der, fortel Anders.

– Magnulf Ulstein var i leiinga ved Ulstein då Anders ville ha inn nokre av sønene sine.

– Magnulf sa ja, men på det vilkåret at eg måtte passe på dei, minnest han.

– Heime fekk vi ikkje lommepengar. Vi fekk ordre om å fare ned på verftet for å arbeide, påstår Håkon.

Viss journalisten framleis har klart å halde tunga beint i munnen, har Anders i tillegg to barnebarn som jobbar i Ulsteinsystemet. Karsten, som er son til John og Daniel, som jobbar saman med far Steinar i cateringselskapet hans.

Harald har lengst fartstid

Men den av dei fire brørne som har aller lengst fartstid ved Ulstein er Harald. Han byrja ved Hatlø i 1955, og vart der heilt til han gjekk av med pensjon i 2003. Frå 1966 var han arbeidsformann. Han har fått Kongens fortenestemedalje for innsatsen sin.

– Eg var aldri permittert. Ulstein var ein trygg arbeidsplass, slår han fast.

Harald er den einaste av dei fire brørne som ikkje har barn som arbeider ved Ulstein.

Eit system for å ta vare på dei som yter

Det har derimot Odd, som byrja som arbeidar ved Ulstein i 1966. Dottera Ann-Kristin Hatløy Fiskaa (49) byrja på teknisk avdeling i 1990, og er i dag HR-koordinator ved Ulstein Verft. Sonen Bjørnar (45) fekk sommarjobb på lageret då han var 17–18 år gammal, og vart fast tilsett ved teknisk avdeling i 1995. Då Ulstein kunne opprette eiga designselskap vart han tilsett som designar der.

– Leiinga i Ulstein har alltid vore tett på dei tilsette. Sidan eg fekk meg jobb i Ulstein har eg ikkje søkt på ei einaste stilling. Her er eit system for å ta vare på dei som yter, slår han fast.

Per (83) er den av brørne som har kortast fartstid ved Ulstein. Han jobba tidlegare i Kystverket, men arbeidde dei 15 siste åra av yrkeskarrieren sin i produksjonsavdelinga på Ulstein. Dottera hans, Bjørg Hatløy, har dei siste seks åra vore tilsett som innkjøpar på verftet.

– Eg er glad eg fekk jobben. Her er så mykje slekt at det kjennest veldig trygt, smiler ho.

– Ja, Ulstein er ein fin arbeidsplass. Her kan du få mange sjansar til å vidareutvikle deg. Også eg synest det er fint å arbeide ein plass med så mykje slekt. Og så veit vi kva leiinga i Ulstein står for. Dei ønskjer å ta vare på dei tilsette, og vil oss det beste, legg Ann Kristin Hatløy Fiskaa til.

Håkon, som også er generasjon nummer to, har rukke å arbeide heile 42 år ved Ulstein.

– Eg har aldri vore permittert, og eg har aldri følt meg utrygg. Møter du opp og gjer ein god jobb, så har du ein god arbeidsplass her, seier Håkon.

– Vi kjenner eigarane, og veit kva krav dei stiller, repliserer Steinar. Han har jobba ved verftet berre i seks månader. Steinar utdanna seg til kokk, og Ulstein leiger inn tenester frå cateringselskapet hans.

På spørsmålet vårt om Hatløy-klanen trur Ulstein eksisterer om 100 år, er det Håkon som først tek ordet:

– Ja, i ei eller anna form. Gunvor sa ein gong at maritim industri går i syklusar. Om 100 år byggjer vi kanskje skrog igjen her i Ulsteinvik. Ved å bygge i utlandet lærer vi opp billig, utanlandsk arbeidskraft, men timelønna deira vil også stige i pris. Skal vi halde fram med å drive industri her, så er vi avhengige av at menneska gjer ein skikkeleg jobb. Det er snakk om human kapital, den er viktig, seier Bjørnar.

– Mamma fekk blomster av Gunvor

Karsten (26) er tredje generasjon Hatløy på Ulstein. Han arbeider ved snikkaravdelinga, men er no permittert og har fått seg eit vikariat ved Spenncon i Hjørungavåg.

– Eg veit at eg skal tilbake til Ulstein i november for å arbeide med innreiing av yacht- og vindmølleskip, og det gler eg meg til, seier han.

Også Karsten nyttar sjansen til å rose leiinga ved Ulstein.

– Det var ein periode pappa John jobba veldig mykje overtid. Ein dag kom det blomster på døra frå Gunvor til mamma. Ho takka mamma for at pappa hadde fått lov til å jobbe så mykje overtid, fortel Karsten.

Sårt då Ulstein kjøpte Hatlø

Hittil har samtalen om tilstanden på Ulstein vore svært roseraud, og journalisten vil vite om det ikkje har vore noko skjer i sjøen.

– Det følast trasig når leigefolk kjem inn, jobbar billeg og tek jobbane våre. Men eg kan ikkje anna enn takke. For meg har Ulstein vore ein trygg arbeidsplass, og eg håper dei som kjem etter oss får oppleve det same, svarer Håkon.

– Gunvor stod i stormen

Harald (79) meiner ein litt sår periode var då Ulstein kjøpte Hatlø Mek. Verksted i 1974. Både for dei som hadde arbeidet sitt på Hatlø og for dei som miste familiebedrifta.

– Det var ikkje berre solskin då Hatlø og Ulstein vart slått saman, seier han.

– Eg jobba her då Ulstein vart selt til Vickers i 1999. Då vart det mange som miste arbeidet sitt. Det råka heile familiar, og vart ei tung oppleving, minnest Odd (77).

– Men eg beundrar Gunvor. Ho stod i stormen, og ho kom ofte ut for å prate med oss då det storma som verst. Ho lytta til oss og ville at vi skulle seie frå viss det var noko ho burde vite. Vi arbeidsleiarane fekk god informasjon, fortel Harald.

Geir (son til Anders) er 61 år og vart uføretrygda for ein del år sidan.

– Eg synest det er utruleg flott at alle pensjonistar og uføretrygda får kome på samling her ein onsdag i månaden. Vi får julehelsing også, og det set eg stor pris på, seier han.

Så mykje negativt har ikkje Hatlø-klanen å seie om Ulstein og eigarane.

– Vickers-salet har no hatt sine positive sider også. Mykje av pengane som då kom inn har blitt brukt til å utvikle byen Ulsteinvik. Det er stort for ei utvikling det har blitt, seier Odd.

Så dermed: det er ingen tvil om at Hatløy-klanen ønskjer Ulstein lykke til med nye hundre år med maritim aktivitet i Ulsteinvik.