1. juli avviklar Refa drifta av Herøyterminalen. Herøy kommune og Refa arbeider no for å finne ei løysing på hurtigruteanløpet i Torvik etter denne datoen.

Løysinga kan bli eit driftsopplegg som berre omfattar passasjerar, skriv Vestlandsnytt.

Ifølgje Refa er det svikten i godstrafikken som er årsaka til at terminaldrifta har gått med underskot, og som er bakgrunnen for at Refa har bestemt seg for å leggje ned all aktivitet i Torvik frå 1. juli.

Men Refa har ein klausul i kjøpekontrakten som seier at dei som eigarar av Herøyterminalen har ansvaret for å betjene hurtigruteanløpet. Herøy kommune meiner dette er eit ansvar som Refa ikkje kan fri seg frå, og at Refa er forplikta til å drive anløpet fram til dei finn ein kjøpar til anlegget som også vil ta dette ansvaret.

Nokon slik kjøpar har så langt ikkje meldt seg med det ordførar Arnulf Goksøyr veit.

Goksøyr seier til Vestlandsnytt at kommunen kan akseptere at det ikkje blir handtert godt over Herøyterminalen som ei mellombels løysing. For Herøy kommune er det viktig at hurtigruta ikkje finn seg andre vegar fram til det kjem ei endeleg løysing for Herøyterminalen.