Sjå interaktiv tidslinje i vindauget over. Du kan nytte musepeikaren eller piltastane for å navigere i tidslinja.

«Arbeidsutval nedsett for bruprosjektet Eiksund/Gurskøy–Berknes». Slik var overskrifta i Vikebladet rundt månadsskiftet august-september 1969.

Då hadde det første offisielle møtet vorte gjennomført med representantar frå sju kommunar på søre Sunnmøre.

Realiseringa tok 40 år

«Det var stor semje på møtet mellom representantane om at dette sambandet må kome i stand snarast råd er. Skal utviklinga halde fram og kommunikasjonane i området ha framgang, må dei to folkerike regionane gå saman om å løyse denne oppgåva», kunne ein lese den gong.

Det er ikkje sikkert nokon av dei sju deltakarane på dette møtet, mellom dei initiativtakar og den første styreleiaren i «brunemnda», Karl Alme frå Volda, såg føre seg at sambandet først skulle stå ferdig om lag 40 år seinare.

«Som kjent er brusambandet tenkt å gå frå Berkneset fram til Yksnøya (flytebru) og så vidare over Eika, og/eller Måløya og fram til Hareidlandet; og Gurskøya.»

I 1978 vart Eiksundbrua AS skipa, eit namn nemnda hadde fram til 1993, då namnet vart endra til Eiksundsambandet AS.

Godkjent av Stortinget

3. februar 2000 skriv endeleg Vikebladet Vestposten at vegsjefen har lova Eiksundstart i 2001.

Dette skjedde etter at Stortinget på visse vilkår godkjende Eiksundsambandet.

«-Fantastisk, er Knut Nærø sin reaksjon på stortingsvedtaket», skriv Vikebladet Vestposten.

Byggjestarten kom likevel ikkje fullt så raskt, og i staden for Eiksundstart i 2001, vart den utsett til februar to år seinare.

Fem nye år med bygging, boring, salvar og graving tok det før dåverande samferdselsminister Liv Signe Navarsete fekk opne Eiksundsambandet.

Seks år seinare kjem ein ny samferdselsminister, Ketil Solvik Olsen til Sunnmøre for å fjerne bommen på Sørheim. Ni år tidlegare enn det som var venta.