I år feirar vi Grunnlova vår, og vi er kanskje meir enn vanleg fylte med nasjonalkjensle. Er det ikkje då på sin plass å stille nokre spørsmål om kven som definerer det norske?

Definisjonsmakt er eit sentralt omgrep når professor Jan Inge Sørbø, kulturredaktør i Bergens Tidende Hilde Sandvik og Dag og Tid-journalist Jon Hustad kastar seg ut i debattfarvatnet rundt lunsjtider fredag 27. juni. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn, NRK-styremedlem og dagleg leiar i nettleksikonet Allkunne, skal leie samtalen mellom trekløveret.

Å snakke om kva det er som til saman utgjer ein norsk kultur, kan verke freistande. Det er likevel ikkje dette som blir inngangen til debatten, ifølgje Audhild Gregoriusdotter Rotevatn. – Det er rammene rundt eg er interessert i – kven som set premissane for kva ålmenta oppfattar som ‘det norske’, seier ho.

Alle dei tre debattdeltakarane er svært aktive og tydelege kommentatorar i den norske offentlegheita. Det kan difor sjå ut til at dette kan bli ei sjølvransakande stund for Hustad, Sandvik og Sørbø. Særleg Jon Hustad er ein kommentator det til tider har storma rundt, og spaltene med lesarinnlegg i Dag og Tid blir jamt adresserte til hjørundfjordingen.

Når dei profesjonelle meinarane skriv så mykje, står det att å leggje for dagen om dei trur det dei skriv har noko å seie for folkemeininga. Kort sagt: Har dei definisjonsmakt?