Marin forsøpling er eit stort miljøproblem. No oppmodar SSR, Naturvernforbundet og Frivilligsentralen folk om å vere med på strandryddedugnad.

Den nasjonale Strandryddedagen i regi av Hold Norge Rent blir i år laurdag 7. mai. Men Søre Sunnmøre Reinhaldsverk og medlemskommunane vil legge til rette for ryddeaksjonar i perioden 25. april til 9. mai.

Gratis levering

- I denne perioden kan folk hente sekkar på servicetorget eller på ein av miljøstasjonane til SSR. Avfallet frå strandryddinga som er samla inn i desse sekkene kan leverast kostnadsfritt på miljøstasjonane i ryddeperioden. SSR tilbyr seg også å hente avfall som er rydda frå strendene, mandag 9. mai, opplyser kommunikasjonsansvarleg Linn Urke Osnes i SSR.

SSR samarbeider med både Naturvernforbundet og Frivilligsentralen i Ulsteinvik. Inger Anne Dimmen ved Frivilligsentralen oppmodar lag, organisasjonar og enkeltpersonar om å ta eit tak for å få rydda opp i strandsona.

Urke Osnes kan fortelje at Haddal skulekorps alt har levert 1,5 tonn avfall som dei har funne i sjøkanten.

- Musikantane har gjort ein kjempejobb, og dei har fått levere avfallet sjølv om dei tjuvstarte strandryddeaksjonen, legg Urke Osnes til.

Kersti Hasund, leiar i Naturvernforbundet i Ulstein og Hareid meiner det er ein god ide at folk slår seg saman om ryddeaksjonar.

- Gjer det til ei sosial greie. Legg gjerne inn i pause med grilling og kaffi, men bruk ikkje eingongsgrillar, det likar vi ikkje, smiler ho.

Møte fredag

Fredag 22. april blir det arrangert ein temakveld i kommunestyresalen i Ulsteinvik. Janne Bareksten, som har skrive ein master om marin forsøpling, skal halde foredrag, Linn Urke Osnes skal informere om Strandryddedagen og dele ut søppelsekkar,  dykkar Remi Stridh skal fortelje og vise bilete frå oppryddingsarbeidet deira i sjøen på Hareidlandet, og Kersti Hasund skal presentere Naturvernforbundet.

- Vi håper på godt oppmøte, seier Kersti Hasund.