- Det er verkeleg eit scoop for oss at vi har fått denne kjendisbloggaren til øya, og at ho i tillegg vil halde ei gratis treningsøkt for alle interesserte, kommenterer Trine Pilskog i Hjørungavåg Idrettslag.
Det er idrettslaget, i samabeid med Hareid folkebibliotek som stor bak opplegget.
Funkygine er for tida ein av dei verkeleg store bloggarane i Norge, og rauk for ei tid tilbake ut av TV-programmet "Norges tøffeste".
Komande fredag ettermiddag
Ho er frå Ålesund, og det eigentlege namnet hennar er Jørgine Massa Vasstrand.
Opplegget på Jomsvoll blir komande fredag den 13. mai.
- Funkygine vil gi kyndig rettleiing på øvingane vi skal prøve på. Det blir artige øvingar utan anna vekt enn vår eiga kroppsvekt, eller saman med ein treningspartnar, mann eller kvinne, opplyser Trine Pilskog.
Ta med mannen eller ei venninne
Ho oppmodar folk til å møte opp fredag. Ta med seg mannen eller ei venninne.
- Det blir ei oppleving berre å sjå henne live og korleis ho utfører øvingane, og det er fantastisk at vi har fått henne til å stille opp, strålar Pilskog.