Etter halvspela serie er Hødd framleis på 1. nedrykksplass, med 2 poeng fram til Fredrikstad og 3 poeng fram til KFUM Oslo, som kan sjå ut til å vere lag Hødd må passere for å berge seg.

I førre heimekamp viste Hødd stor tæl og banka sterke Åsane 3-0. Mjøndalen-kampen var eit tilbakefall, men i periodar, særleg midt i 1. omgang og i starten av 2. omgang, var Hødd godt med.

Hødd har tapt alle dei sju bortekampane sine med ein samla målforskjell på 3-17.

Det er i seg sjølv eit urovekkande signal. Men heime på Høddvoll har laget vunne 4 gonger, spelt uavgjort to gonger og tapt to gonger. God poengfangst på heimebane ser ut til å vere heilt nødvendig for å berge plassen i Obosligaen. Å slå Ranheim, som har 7 poeng meir enn Hødd, og dermed kutte ned på avstanden framover på tabellen, må vere eit både overordna og realistisk mål i dag.

Dagens kamp er den nest siste før sommarpausen. Hødd skal til Oslo neste søndag og møte KFUM Oslo. Deretter er det kampfri fram til heimekampen mot Kristiansund 2. august.

KAMPAR I DAG: Raufoss-Mjøndalen (B), Åsane-KBK (U), Sandefjord-Levanger (H), Hødd-Ranheim (U), Jerv-Kongsvinger (H), Ull/Kisa-KFUM Oslo (H), Bryne-Strømmen (H).

TYSDAG: FFK-Sandnes Ulf (U).