Frå 15. april til 15. juli er det forbode å vere på land og i ei sone på sjøen utanfor dei fleste verneområda langs kysten. Miljødirektoratet, ved Statens naturoppsyn (SNO), har fått mange meldingar om brot på ferdselsreglane, og difor intensiverer dei no kontrollen i områda.

– I denne perioden er sjøfuglane ekstra sårbare, og brot på ferdselsreglane kan få store negative følgjer, seier Arnstein Johnsen i SNO i ei pressemelding.

Han poengterer at folk må respektere forbodet og ta omsyn til hekkande fugl.

Talet på sjøfuglar har gått ned over tid langs norskekysten. Press på areal, forstyrring og manglande tilgang på mat, er dei viktigaste årsakene til dette. Dersom ruginga blir avbroten, kan egg og ungar bli tekne av til dømes måker eller kråkefugl.

– I verste fall gjev fuglane opp hekkinga og forlét hekkeområdet, fortel Johnsen og legg til at fleire sesongar med dårleg hekking verkar inn på den totale mengda sjøfugl.