Det ser også i år ut til å gå mot eit godt opptak for Høgskulen i Volda.

– Vi har sendt tilbod til 1.256 søkjarar i Samordna opptak, noko som er ein auke frå i fjor. I tillegg har vi god søking i lokalopptaket, seier fungerande studiedirektør Ragnhild Paulsen Hamre.

Høgskulen i Volda har også i år ein ytterlegare auke i søkinga til sosialfaga, og det gjeld både barnevernspedagog- og sosionomutdanninga. Dette har ført til heva karaktergrense og ei dobling av talet på søkarar som er på venteliste. Friluftslivsstudia ved høgskulen er også populære og kan vise til høge poenggrenser. Mediefaga har som tidlegare år gode søkartal. Nytt av i år er at HVO tilbyr to ulike utdanningar i journalistikk, ein bachelor med spesialisering i tv/radio og ein bachelor med spesialisering i avis/nett. Det er ventelister ved alle medieutdanningane.

– Vi har også gitt fleire tilbod på grunnskulelærarutdanningane enn i fjor. Dette er veldig gledeleg ettersom karakterkravet i matematikk har auka frå 3 til 4, seier høgskuledirektør Jacob Kjøde jr.

Godt lokalopptak

Høgskulen kan vise til eit godt lokalopptak, både på nett- og masterstudium. Mellom anna har vidareutdanning for lærarar i norsk og engelsk hatt ein auke samanlikna med i fjor. Det mest søkte nettstudiet i norsk har over 200 søkjarar og vil ha om lag 160 studentar. Master i samfunnsplanlegging og leiing kan også vise til gode søkartal og vil få eit høgt studenttal.

– Det er svært gledeleg at stadig fleire vel å vidareutdanne seg ved Høgskulen i Volda, seier Jacob Kjøde jr.

Framleis ledige studieplassar

Høgskulen i Volda har ledige studieplassar på nokre bachelor- og yrkesutdanningar, årsstudium, og vidareutdanningar. Oversikt over dei ledige studieplassane finn ein på høgskulen sine nettsider.

Same tendensen ved NTNU

Også NTNU melder om fleire ønskjer seg til lærar- og helseutdanningane deira. Det er høgare poenggrenser og venteliste på alle grunnskulelærarutdanningane i år. Når det gjeld lektorutdanningane er det særs små endringar frå i fjor.

– Auka karakterkrav for å kome inn på grunnskulelærarutdanninga har ikkje slått negativt ut for oss, slik mange frykta, seier Berit Kjeldstad, prorektor for utdanning.

Sjukepleiarutdanninga er særs populær, alle dei tre studiestadene har lange ventelister. 2000 berre i Trondheim. Det høgste poengkravet er 51,7 for ordinær kvote og 47,3 i kvote for førstegangsvitnemål.

Populære teknologiutdanningar

Det er framleis vanskeleg å kome in på teknologifaga. Talet på plassar på petroleumsfag er redusert frå i fjor, men søkjarane er framleis av høg kvalitet slik at poengkrava berre er er justert marginalt. Delen av jenter som studerer teknoliogifag er stabil, til trass for at jentepoenga no er fjerna.

Medisin er mest populært

Tradisjonen tru er det medisin som er mest populært å studere på NTNU. Grensa for å kome inn er 64 poeng, akkurat som i fjor. For førstegangsvitnemål er kravet 60,7.

Industriell økonomi og teknologileiing er også populært. Det same med psykologi og nanoteknologi.