(NPK-NTB): Nordmenn har blitt mykje meir optimistiske med tanke på den økonomiske framtida til landet enn for eit år sidan. Også trua på eigen økonomi er stor.

Men sjølv om forventiningsbarometeret til Finansnæringens fellesorganisasjon FNO teiknar eit optimistisk bilde, er vi gjennomgåande nøkterne og ligg an til å bruke noko av den betra økonomien til å betale ned gjeld. Det gler FNO-sjef Idar Kreutzer.

– Styresmaktene og finansnæringa er opptekne av at gjeldsbelastninga til hushalda skal tåle eit eventuelt fall i bustadprisane og uventa renteoppgang. Låntakarane tenkjer openbert også slik, sjølv om dei låge rentene i dag og utsikter til god lønnsvekst tilseier det motsette, seier Kreutzer.

Forventningsindikatoren har stige til 25,4 i det siste kvartalet i år, mot 13,1 i same periode i fjor. Indikatoren viser kor mange fleire prosent som svarer positivt enn negativt på kva dei trur om den økonomiske framtida. Når det gjeld økonomien i landet er talet endra frå -30,5 – ei stor overvekt av pessimistar – til 11,5. Ei klar overvekt trur altså at 2013 blir eit betre år for Noreg enn 2012.

Barometeret blir utarbeidd kvart kvartal og er eit samarbeid mellom FNO og TNS Gallup.