For to veker sidan lyste Ulstein kommune ut ein konkurranse der dei oppmoda folk om å kome med framlegg til visjon for Ulsteinsamfunnet. Assisterande rådmann Verner Larsen fortel at dei har fått inn ein del framlegg, men at det framleis er ønskjeleg med fleire. - Det er kjekt når folk viser engasjement. Dessutan er det fint å ha litt forskjellige forslag å velje mellom. Dersom det er nokon som sit på gjerdet, eller som har det på tunga, så må dei hive seg rundt no, oppmodar Larsen. Fristen er nemleg måndag 25. mai klokka 16.00. - Sidan dette er ein konkurranse må vi ha ein fast frist å forhalde oss til. Dette heng også saman med saksbehandlingstida før formannskap og kommunestyre, forklarer Larsen. Han minner om at dei som sender inn framlegg har sjansen til å vinne flotte premiar. Ein premie på 10 000 kroner ventar den som har det beste framlegget til visjon for Ulsteinsamfunnet. I tillegg vert det delt ut to premiar på 2 500 kroner kvar, etter loddtrekning blant alle som sender inn framlegg. Det heile vert avgjort i kommunestyremøtet den 18. juni. Fleire framlegg "På lag mot felles mål" er eit av framlegga som er kome inn. Det er sendt inn av Villum Schjelderup frå Bølandet. Han meiner at kommuneplanen er eit styringsdokument som dannar grunnlaget for utviklinga i Ulstein kommune på dei fleste nivå, men at vi må endre måten vi tenkjer- og arbeider på. - Spør innbyggjarane om kommunen kan hjelpe til med noko, og de vil bli positivt overraska over kor godt det vert motteke. Løysingsordet er samarbeid, likebehandling, rettferdigheit og menneskeforståing på alle nivå i Ulstein kommune, frå vogge til grav. Då synest eg visjonsforslaget mitt kan høve godt, argumenterer Schjelderup. Einar Waage som no bur i Steinkjer, føreslår følgjande: "Hav-øyer-mangfald-arbeid-framtid-samhald". Norsk og engelsk Åge Håvik frå Hareid har kome med ein versjon som kan brukast både på norsk og engelsk. "Ulstein Kommune, Med Ei Strålande Fortid For Ei Enda Betre Framtid!" eller; "Ulstein Kommune, With A Stunning Past For An Ever Grater Future!" - Setninga talar vel for seg sjølv, men ser ein på utviklinga i Ulstein kommune under eitt, er det ikkje i tvil om det har vore ei rivande utvikling i kommunen. Med ein framtidsretta visjon kan vi gjere det endå betre i framtida, grunngjev Åge Håvik som sjølv held ein knapp på den engelske versjonen. Skapartrong og framtidstru Evelyn Haram Larsen frå Ulsteinvik har kome med følgjande framlegg: "Ulstein, - tradisjon, skapartrong og framtidstru". Ho grunngjev framlegget med at visjonen er kort og beskrivande, samstundes som den er enkel å hugse. Visjonen er lett å omsetje til engelsk, noko som er viktig med omsyn til den store kontaktflata kommunen og bedriftene har internasjonalt. - Visjonen ber i seg at Ulsteinsamfunnet er bygd opp på tradisjonsverksemd, til dømes i skipsindustrien. Visjonen ber i seg at det har vorte og vert skapt nye produkt i samfunnet. Her er ikkje berre evne til å kunne skape, men også vilje til å stå på for å få ting gjort, og få gjennomført desse. Visjonen peikar på det berande i Ulsteinsamfunnet; at her er menneske som har stor tru på framtida, anten det er for å skape sin eigen arbeidsplass, å busetje seg her, eller å få til prosjekt. Utviklinga av sentrum og nybygd ungdomsskule ber også framtidstru i seg, noko som er viktige signal for dei som er unge i dag, argumenterer Evelyn Haram Larsen.
Nyhende →
Fristen for visjonsframlegg går ut måndag
Førstkomande måndag er siste frist for å levere inn framlegg til visjon for Ulsteinsamfunnet.