Fem på halv seks i dag tidleg fekk politiet melding om at ein mann herja rundt med ein gravemaskin i Bugarden i Ulsteinvik. Eit kvarter seinare var mannen teken hand om av politiet. Det synte seg å vere ein mann i tjueåra som hadde stole seg ein gravemaskin. Mannen var påverka av alkohol og hadde gjort ein del skadeverk i bustadområdet. Mellom anna hadde han velta eit tre, øydelagt ein mur og lagt ned eit gjerde. Mannen sit no i arresten i Ulstein. Politiet melder om at han skal få forklare seg når han er i stand til det.