I 16-tida torsdag vart ein bil påkøyrd bakfrå av ein annan bil like ved "Dybhavn-krysset" på Holstad like ned om Trudvang.

Tre personar vart sendt til legevakt, men det skal ikkje vere snakk om alvorlege skadar.

Begge bilane kom køyrande mot Hareid. Den fremste gjorde seg klar til å køyre av vegen opp mot venstre, og vart så påkøyrd bakfrå av ein annan bil. Det oppstod køer i den synste vegbana.

Dette er det klassiske ulykkesforløpet i dette krysset; at bilførarar ikkje legg merke til at framanforliggande bil senkar farten og stoppar opp før kryssing av vegen. Mange har etterlyst ei vegskulder, som kan sleppe forbi trafikken - av same type som finst i Saunesmarka, i Varleite og på Bjåstad.

Føraren av bilen som var skuld i ulukka var ein mann i 70-åra. Politiet tok ifrå bilføraren førarkortet på staden,

Saka blir etterforska av lensmannen i Ulstein og Hareid.