For 1.950.000,- kroner.
Notar, som har gjennomført salet, skal ha vel 60.0000 for dette, slik at kommunen får kr. 1.889.462,- inn på konto.
Kjøpar er Rise Bygg, som har planar om å pusse opp huset og leige det ut til utanlandske arbeidarar.
Prestebustaden vart bygd på 1970-talet og er altså nærare 40 år gamal.
Kyrjeverje Bjørg Vartdal Hareide opplyser at det kjem til å bli bygd ein ny prestebustad, nokså fort, anten på Pålhaugane eller på Eljasmarka.
Prestebustaden har stått tom etter at den siste soknepresten i Hareid, Michal Møgster, flytta. Dagens Hareid-prest Jens Terje Johnsen er busett i Herøy og skal som kjent slutte med det første.
Det er enno ikkje søkt etter ny sokneprest, men ein reknar med at denne kan kome på plass i løpet av eit halvt års tid.
- Då må vi også ha på plass ein stad presten kan bu inntil den nye prestebustaden blir ferdig, seier kyrkjeverja.