Sjansen for å bli svett under bunaden er stor i år. Då fjorårets 17.mai-feiring bar preg av regn og låge temperaturar, melder vêrmeldingstenesta Yr.no om temperaturar opp til 21 grader og opphaldsvêr for årets nasjonaldag.

Opphaldsvêr med sol

Gjennom heile dagen freistar vêrkartet med delvis skya, perioder med sol. Temperaturen frå morgonen av skal liggje på 15 grader. Frå klokka 12.00 og vidare utover dagen stig temperaturen til 19 grader, før vi til kvelden får heile 21 grader. Vinden vekslar mellom 1-2 meter i sekundet.

Vi får med andre ord eit flott vêr i dag 17. mai.