Klokka 02.47 natt til onsdag fekk naudetatane melding om ein bil som hadde køyrd av vegen og truffe fjellveggen på Notøy i Herøy kommune. Ulukka skjedde på riksvegen i retning Fosnavåg.

Både politi, ambulanse og brannvesen kom raskt til staden. Ulukka skjedde som følgjer av høg fart, med mistanke om at sjåføren køyrde med promille.

Det er teke blodprøve av sjåføren. Førarkortet er også beslaglagt.

Det var til saman to personar i bilen. Begge er sendt til Volda sjukehus for undersøking og eventuell behandling.

Foto: John Birger Våge
Foto: John Birger Våge