Ingen lag har skora så få mål som Hareid i årets 4.-divisjon. Manglande offensiv kraft var også ein av grunnane til at laget tapte 3-0 for Rollon på Hareidsmyrane stadion fredag kveld.

Årets siste heimekamp markerte 360 strake minutt (6 timar) fotball utan Hareid-mål. Trøysta er at laget for lengst har sikra ny kontrakt i divisjonen – noko som også var målet for sesongen.

Kampen mot Rollon kunne likevel fort ha fått ei anna retning dersom Martinus Røyset Bakken hadde fått godkjent det målet han skora i det 15. minutt. Linjevakta markerte offside, noko mange godt plasserte publikummarar meinte var feil.

Rollon vann 1. omgang 1-0 på ei skoring av Daniel Østrem etter eit dårleg mottak i Hareid-forsvaret. Den siste halvtimen av 1. omgang vart skjemma av ein ufyseleg regneling med kraftige vindkast.

I 2. omgang kom Hareid best i gang - og Gustav Bjørlykke var like ved å utlikne til 1-1. Rett før hadde også Martinus Røyset Bakken hatt ein bra sjanse. Men då gjestane gjekk opp til 2-0 ved innbyttaren Sander Jacobsen var det gjort. Hareid hadde hatt eit visst tak på spelet fram til då, men 2-0-målet såg ut til å gi gjestane ny giv – og det var fullt fortent at bylaget kunne auke til 3-0.

For Hareid vart det litt for mykje trefot-fotball denne gongen med dårlege mottak og svake adresseringar. Kanskje må vêrforholda og dårlege lysforhold (svakt flomlys) ta sin del av skulda.

KAMPFAKTA

4.-div. Hareidsmyrane stadion:

Hareid-Rollon 0-3 (0-1)

30 tilskodarar.

MÅL: Daniel Østrem, Sander Jacobsen, Lage Haadem.

HAREID: Rikard Osnes – Nauris Driksna, Simon Holstad Grimstad, Ben Buntu, Henrik Holstad – Torgeir Skeide, Ruben Kenneth Brandal, Henrik Grimstad, Håvard Øvrelid, Martinus Røyset Bakken, Gustav Bjørlykke.

Innbytte: Robin J. Indreflø, Fredrik Andresen, Kim Alvestad.

*** Simon Holstad Grimstad

** Ruben Kenneth Brandal

* Gustav Bjørlykke

RUNDERESULTAT:

Hareid-Rollon 0-3, Emblem-Godøy 2-4, Hødd2-Skarbøvik 6-1, Sykkylven-Bergsøy 1-3, Langevåg-Norborg 2-1, Larsnes/Gursken-Volda 1-2,.

TABELL: Hødd2 56 – Bergsøy 46 – Volda 45 – Emblem 27 – Skarbøvik 26 – Rollon 26 – Hareid 26 - Larsnes/Gursken 23 – Sykkylven 23 – Godøy 21 – Langevåg 19 – Norborg 13.

Hødd2 er klare for 3.-divisjonsspel i 2018. Laget møter Volda på bortebane i siste runde neste fredag. Hareid avsluttar også med bortekamp, mot botnlaget Norborg.